Slike tiltak er til dømes:
- Fortøyingsinstallasjonar
- Kaier, bryggjer og moloar
- Bruer/luftspenn
- Utdjuping og dumping
- Akvakulturanlegg
- Opplag av fartøy
- Lyskjelder
- Kablar og rør på sjøbotnen
Kommunen kan ikkje gje løyve til tiltak som strid mot reglane gjeve i eller i medhald av hamne- og farvasslova.
Tiltaka krev også løyve etter plan- og bygningslova, og løyve etter hamne- og farvasslova kan ikkje gjevast i strid med vedtekne arealplanar utan at dispensasjon er innvilga.
Kommunen har plikt til å samordne handsaminga av slike søknader.
Dersom tiltaket er i hovudlei eller bilei, eller utanfor kommunen sitt sjøområde, må Kystverket godkjenne tiltaket.
Ved handsaming av søknaden skal det leggjast vekt på omsynet til god framkome og trygg ferdsel i farvatnet, omsynet til andre næringar, og omsynet til liv og helse, miljø og materielle verdiar. Det kan setjast vilkår for tiltaket, både om forundersøkingar om verknaden av tiltaket, utføring (utstyr og dimensjonering), tidsavgrensing, bruk, vedlikehald, miljøovervaking og fjerning og opprydding.
Kva må søknaden innehalde?
Grundig skildring av tiltaket og korleis det er tenkt utført. Søknaden må vere datert og signert.
Kart i målestokk 1:1000 (evt. 1:5000) der tiltaket er teikna inn (målsett).
Når søknaden skal sendast til Kystverket må i tillegg eventuelle kommunale arealplanar som gjeld for området der tiltaket skal plasserast leggjast ved, i tillegg til eventuelle nødvendig dispensasjon frå planen.
Gebyrregulativ
Lover
Havne- og farvannlova