Endringar
Også endringar og større reparasjonar må vere godkjent av bygningssjefen. Ein byggeteknisk vurdering av pipe og eldstad før dei monterast, sikrer deg at dei passar saman og ikkje skapar problem når du skal fyre.
Føl byggeforskrifta
Alle som har med oppsetting av eldstader og piper å gjere, må nøye følgje byggeforskriften og monteringsanvisningane for slike installasjonar, elles kan det før eller sidan føre til brann. La helst fagfolk gjere installasjonen og forviss deg om at dei kan reglane for slikt arbeid.
Ny installasjon
Skal du installere ny ovn eller peis, må du finne eit eldstad som passar til det varmebehovet du treng i boligen, og som passar til den type pipe som er montert. Eldstad med for høg temperatur kan skade pipa. Også eldstad med for lav temperatur og mykje kondens kan skade pipa (ved olje- og parafinbrennarar). Leverandøren vil kunne gje deg råd om dette. Kjøper du eldstad som avgjer meir varme enn du treng, får du dårleg utbytte av brenselet og ofte sot og skader på pipa siden du må fyre med liten trekk
Olje- og parafinbrennar
For dei som har olje- og parafinbrennarar, er det eit godt råd å la fagfolk reingjere og justere brennaren før fyringssesongen begynner. Dermed sparar du brensel og minsker lukt- og forureinsningsproblemane i nærmiljøet. Får du problem med anlegget under drift, bør du kontakte kommunens feiervesen som kan gje deg gode råd. Overlat eventuelle reparasjonar til fagfolk.
Filer