Offentleg ettersyn, detaljregulering for Klausen industrier

Offentleg ettersyn, detaljregulering for Klausen industrier, planID 4648.202502

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 blir detaljreguleringsplan for Klausen Industrier lagd ut til høyring og offentleg ettersyn, etter første gongs behandling i Bremanger formannskap den 12.03.2026, sak FSK-023/26.

Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet, og gjeld gbnr 38/356 m fl. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny industrihall, parkeringsplass, og ny avkøyrsel frå Strandvegen. Planen er i hovudsak i samsvar med kommuneplan, arealdelen for 2024-2036, og er vurdert til ikkje å ha vesentlege konsekvensar for miljø eller samfunn. 

Har du merknadar?

Merknader til planarbeidet må vere skriftlege, og skal sendast til Bremanger kommune, postboks 104, 6721 Svelgen, eller per epost: post@bremanger.kommune.no

Frist for merknader er 29.05.2026.