Søknaden skal sendast til kommunen der driftssenteret er plassert. Kommunen kan godkjenne gjødsling der det er ønskeleg, og avslå for areal der det ikkje er ønskt med gjødsling. Gjødsling av innmarksbeite er viktig for å sikre god beitevekst, men ein skal òg ta omsyn til vassmiljø og område med bilogisk mangfald.
Hudsdyrgjødsel/biorest: NB! Du kan ikkje spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite før det føreligg eventuell godkjenning frå kommunen. For areal der du kan dokumentere tidlegare godkjenning, er det normalt ikkje behov for ny godkjenning. Ver likevel merksam på at du ikkje kan spreie gjødsel nærare enn 6 meter frå vassdrag, og berre på areal som framleis er innmarksbeite. Utrekna dekar spreieareal frå gamal godkjenning kan difor vere feil i dag.
Mineralgjødsel: Frå 2025 er det innført krav om godkjenning òg for bruk av mineralgjødsel på innmarksbeite. Dei tre første åra kan du likevel spreie mineralgjødsel på innmarksbeite som er oppført med mineralgjødsel i gjødslingsplan frå 2022 eller 2023. Frå 2028 kan du ikkje spreie noko mineralgjødsel på innmarksbeite før godkjenning.