Informasjon om helse- og omsorgstenester som Bremanger kommune tilbyr
Helseteneste i heimen herunder heimesjukepleie og praktisk bistand (daglege gjeremål og opplæring), middagsbringing, brukarstyrt personleg assistanse, støttekontakt, plass i institusjon (korttids-, avlastnings-, rehabiliterings- og langtidsopphold), tryggleiksalarm, dagtilbod, omsorgsløn, avlastning, omsorgsbustad, individuell plan og-/ eller koordinator.
Informasjon om sakshandsaminga
- Sakshandsamarteamet vil gjere ei fagleg vurdering av hjelpebehovet for å avgjere om søkjar fyller vilkåra for å få kommunale helse- og omsorgstenester.
- Sakshandsamar har ansvar for å gjere greie for saka best mogleg. Det vil bli innhneta nødvendig informasjon frå fastlege, kommunale instanser og/eller spesialisthelsetenesta (m.a. sjukehus), og å utveksle informasjon i høve sakshandsaming og tenesteyting. Sjå samtykkeerklæring.
Informasjon om elektronisk pasientjournal og IPLOS
- Bremanger kommune dokumenterer helseopplysningar i elektronisk pasientjournal og nyttar elektronisk meldingsutveksling. Dette er lovpålagt.
- Alle kommuner er pålagde å registrere i IPLOS, som står for individbasert pleie- og omsorgsstatistikk. Alle opplysningar som blir sende inn til helsemyndigheitene er anonymisert.
Treng du hjelp til utfylling av søknaden, kan du ta kontakt med sakshandsamarteamet.