Eit følgjekort gjer det mogleg å ta med seg ein følgjeperson utan ekstra kostnad på kultur- og fritidsarrangement, transportmiddel og liknande der ordninga er akseptert. Du må betale for deg sjølv på vanleg måte.
Følgjekort er berekna for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for hjelp eller følgje.
Ordninga skal vere eit verkemiddel for å førebyggje isolasjon og dermed bidra til auka livskvalitet for den funksjonshemma.
Følgjekort vil blant anna vere aktuelt for personar med:
- Rørslehemming
- Høyrselshemming
- Synshemming
- Utviklingshemming
- Allergiar
- Funksjonshemming som følgje av sjukdom, for eksempel psykiske lidingar, hjartesjukdommar, lungesjukdommar og anna
Du bestemmer sjølv kven som skal vere din følgjeperson. Det treng ikkje vere same person kvar gong.
Servicekontoret handsamar søknaden din, ta kontakt med oss for rettleiing.