KS Fiks folkeregister erstattar Infotorg.no.
Med modernisering av folkeregisteret tilbyr Skatteetaten alle aktørar å hente folkeregisteropplysningar direkte frå folkeregisteret, utan å gå via Skatteetatens distributør TietoEvry (Infotorg). Gjennom Fiks folkeregister vil KS tilby kommunesektoren folkeregisteropplysningar for alle tjenesteområder utanom helsetjenesten.
I Fiks folkeregister kan du søke etter personar og finne opplysningar om ein eller fleire personar basert på ulike kriterium som til dømes fødselsnummer, namn eller adresse.
Du kan også hente ut ei liste over eit større antall innbyggjarar basert på eit sett med kriterium (uttrekk). Du kan for eksempel trekkje ut alle innbyggjarane i ein bestemt alder for å lage ei vaksineliste. Uttrekket kan lastast ned i Excel-format.
For å kunne hente ut taushetsbelagte opplysningar krevjast det at du har tilgang til dette gjennom ein lovheimel for dine arbeidsoppgåver.
Eks. for ein sakshandsamar i barnevernet er aktuell lovheimlar:
- Lov om barneverntenester (barnevernlova)§ 6-4 Opplysningsplikt
- Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga (sosialtenestelova) § 43 tredje ledd
Taushetsbelagte / ikkje-taushetsbelagte opplysningar
Med ny lov og forskrift om folkeregistrering som tredde i kraft i oktober 2017, fikk vi ein tydlegare kategorisering av opplysningar som enten er taushetsbelagt eller ikkje-taushetsbelagt. Fleire opplysningar er no ikkje-taushetsbelagte.