Klageadgang
I samsvar med eigedomsskattelova § 19 kan skattytar klage på den utskrivne eigedomsskatten.
Klagen må sendast til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista vart utlagd, eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14.
Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år jf. Eigedomsskattelova § 19.
Individuelle vedtak kan påklagast, ikkje generelle vedtak t.d vedtak om antall terminar for innbetaling, vedtak om promillesats.
Eigedomsskattelova § 17 gjev heimel for å rette feil uavhengig av om skatten er påklaga.
Retting kan skje både til gunst og ugunst. Retting til ugunst for eigar (skattytar) må som hovudregel skje innan 1. mars året etter utskrivinga.
Har feilen samanheng med at skattytar har brote opplysningsplikta eller plikta til å medverke til synfaring, kan utskrivinga rettast innan tre år frå utgangen av skatteåret.
Eigedomsskatten må betalast til fastset tid sjølv om det er sendt inn klage jf. eigedomsskattelova § 25.
Dersom eigar får mehald hos sakkunnig nemnd for eigedomsskatt stoppar saka der.
Ved delvis mehald eller ikkje mehald, går saka automatisk vidare til klagenemnd for eigedomsskatt.
Søksmål kan ikkje reisast før skattytar har nytta klageretten sin til sakkunnig nemnd/klagenemnd for eigedomsskatt/eigedomsskattekontoret jf. forvaltningslova § 27 b).
Klage på likningsverdi/formuesgrunnlag
Dersom du har spørsmål om eller klage på likningsverdi/formuesgrunnlag, må du ta kontakt med Skatteetaten på tlf. 800 80000 eller på
www.skatteetaten.no.