Har du bustadadresse Bremanger, er ungdom i alderen 16-19 år og har lyst til å vere med å forme Bremangersamfunnet i framtida?
Les informasjonen under og søk om å få kome med!
Nytt ungdomsråd i Bremanger kommune skal veljast desember 2024.
Kva er eit ungdomsråd?
Ungdomsrådet i Bremanger er ungdommen sitt talerør ovanfor politikarane og det skal ha ei rådgjevande rolle for kommunen.
Rådet skal representere ungdommen sine interesser i kommunen og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom. Ungdomsrådet kan også ta opp eigne saker. I Bremanger har Ungdomsrådet talerett i kommunestyret. Kommunestyret kan gje rådet mynde til å fordele bevillingar, dei kan få i oppgåve å bestemme korleis dei skal bruke pengar, t.d. kva arrangement eller organisasjonar som skal få støtte ved delegert vedtakskompetanse.
Kven kan vere med i Ungdomsrådet?
Ungdomsrådet skal ha 7 medlemmar og medlemmane skal på valtidspunktet vere frå 13 år og ikkje ha fylt 19 år (jf. Kommunelova § 5-12, 3.avsnitt). Den som vert valt må ha adresse i Bremanger kommune, men treng ikkje å bu i Bremanger kommune. Begge kjønn skal vere representert med minimum 40%. Medlemmane i rådet blir valt for inntil to år om gangen.
Valprosessen
Kommunestyret vel medlemane i Ungdomsrådet etter framlegg frå elevråda i kommunen og samansetnaden skal vere etter følgjande fordeling:
• 1 til 2 representantar frå Svelgen oppvekstsenter
• 1 til 2 representantar frå Hauge oppvekstsenter
• 1 til 2 representantar frå Davik oppvekstsenter
I tillegg skal det vere
• 1 til 2 representantar frå ungdom i alderen 16 -19 år (ferdig med grunnskulen, ikkje fylt 19 år).
Desse må søkje om å få vere med i Ungdomsrådet. Dette gjer de ved å søkje digitalt i skjemaet her.
Søknadsfrist 01.oktober 2024
Forventningar og krav til deg som medlem i rådet
Som medlem i Ungdomsrådet forventar vi at du deltek på rådsmøta for å seie di meining. At du stiller førebudd til møta, har respekt for dei andre medlemmane og at du gjev beskjed dersom du ikkje kan kome.
Rettar og plikter som medlem i ungdomsrådet
Som medlem i Ungdomsrådet har du rett til fri frå skulen eller fri frå jobb, dekking av utgifter til reise, møtebetaling (etter det som til ei kvar tid gjeld for godtgjering i Bremanger kommune).
Som medlem i Ungdomsrådet har du plikt til å delta på rådet sine møte.
Har du spørsmål om Ungdomsrådet?
Har du spørsmål om Ungdomsrådet kan du ta kontakt med koordinator for Ungdomsrådet, Carina Solvåg: carina.endresen.solvag@bremanger.kommune.no, mob.nr: 91 65 85 37