Alle anlegg skal ha en idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning som ikkje er eldre enn to år. Søknad om slik godkjenning gjerast til teknisk eining ved Magnhild Myklebust. For at godkjenning kan gjevast må alle vedlegg følgje søknaden.
Ein må rekne om lag tre veker handsaming av søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning.
VED NY SØKNAD
på nytt anlegg/rehabilitering av anlegg, skal skjema fyllast ut og følgjande vedlegg følgje søknaden for at den skal bli godkjent:
Vedlegg 1 Idrettsfunksjonelt førehandsgodkjende planar for anlegget med
behovsoppgåve (teknisk driftseining/kulturdepartementet)
Vedlegg 2 Detaljert kostnadsoverslag (skal vere sett opp slik at det let seg kontrollere). Totalkostnaden for anlegget skal oppgjevast ( fordelt på kostnader med og utan rett til spelemidlar) Administrasjonskostnader, medreknar utgifter til revisjon, kan maksimalt utgjere 5% av godkjent kostnadsoverslag.
Vedlegg 3 Finansieringsplan – utgreiing og dokumentasjon for dei einskilde postane
Finansieringsplanen skal gjere greie for og dokumentere finansieringa av dei samla kostnadene for anlegget.
- Eigenkapital skal stadfestast med kontoutskrift
- Kommunalt/fylkeskommunalt tilskot må vere stadfesta m/ kopi av vedtak
- Kommunal/fylkeskommunal garanti må vere stadfesta m/kopi av vedtak
- Private gåver/tilskot, rabattar, material o.l. skal vere stadfesta m/underskrive gåvebrev (kan nytte marknadspris, minus mva)
- Dugnadsarbeid, eige dugnadsoversyn. Skal reknast ut av ein kvalifisert fagperson.
Vedlegg 4 Forvaltning, drift, vedlikehald og utviklingsplan m/budsjett
Vedlegg 5 Dokumentasjon på rett til bruk av grunn
Kopi av tinglyst skøyte på tomt eller 40-årig leigeavtale med grunneigar
Når det gjeld søknad om spelemidlar til nærmiljøanlegg så er krava noko annleis, m.a. er det krav om 20-årig feste/leigeavtale.
KRAV VED FORNYA SØKNAD
Ved fornya søknad må søknaden leggast inn på nytt i årets søknadsrunde. Ein må gi ein status for framdrifta ved anlegget og gjerast greie for eventuelle avvik/endringar frå tidlegare innsendt søknad (kostnadsoverlag, finansieringsplan, driftsbudsjett m.v)
Gå elles inn på www.idrettsanlegg.no for å sjå retningslinjer for søknad og tildeling av spelemidlar.