4. Slik søkjer du
Søknadar skal sendast inn via kommunen sin elektroniske søknadsportal.
Søknadar som kjem inn etter fristen, vil ikkje bli handsama før neste runde.
Det blir gjort to tildelingar årleg, og ein har derfor to søknadsfristar: 1. mars og 1. september.
Det skal vere minst 25.000,- til utdeling ved kvar søknadsfrist.
5. Vilkår
Bremanger ungdomsråd vil leggje vekt på følgjande ved prioritering av søknadar:
- Ungdom skal vere med i arbeidet med planlegging og gjennomføring av tiltaket, gjerne vere dei som skriv søknaden.
- Tiltaket skal vere tidsavgrensa og skal ikkje gå til vanleg drift.
- Tiltaket skal vere rusfritt.
- Private arrangørar under 18 år må ha underskrift av føresette (ein vaksen som medarrangør).
- Maksbeløp pr søknad er 15.000,-
- Pengane kan bli brukt til mindre eingongsinvesteringar, men skal ikkje føre til kommunale driftskostnadar.
- Pengane kan bli brukt til leige av instruktørar til spesielle kurs eller aktivitetstiltak med tidsavgrensing.
- Aktivitetar som treff mange vil bli prioritert.
- Prosjektet skal være gjennomført innan same kalenderår, eller påfølgjande år som søknaden vart sendt.
- Om tiltaket vert utsett skal dette meldast skriftleg til Bremanger ungdomsråd.
- Dersom prosjektet vert endra vesentleg undervegs, skal det søkjast om omdisponering av tilskot.
- Etter utført prosjekt skal søkjar sende inn ein kort rapport til Bremanger ungdomsråd.
6. Søknaden må innehalde
- Kven som arrangerer tiltaket/ prosjektet.
- Kontaktperson
- Kva er formålet med tiltaket/ prosjektet
- Ei beskriving av prosjektet/ tiltaket (Kva, kvar, når, målgruppe og korleis kjem det barn og unge i kommunen til gode).
- Søknadsbeløp (maks 15.000,-)
- Budsjett
7. Sakshandsaming
Forvaltningslova sine reglar for sakshandsaming ligg til grunn. Søknadar er offentlege. Søknadene blir handsama av ungdomsrådet i det første møtet i ungdomsrådet etter at søknadsfristen har gått ut.
Svar på søknaden sendast til e-post adressa som er oppgitt i søknaden.