Frådeling av eigedomNår du skal opprette ein ny eigedom, må du først kontakte kommunen. Kommunen sørgjer for oppmåling av tomten, matrikkelføring og tinglysing av nytt gards- og bruksnummer. Slik søkjer duDu søkjer om frådeling av eigedom ved å fylje ut søknadsskjema om tillating av tiltak utan ansvarsrett. Søknaden må vere signert av heimelshavar. Søk om frådelingVedlegg til søknadenNår du skal sende inn ein søknad om oppretting av eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å kunne behandle søknaden din. Kvittering for nabovarsel og eventuelle merknadar. Situasjonskart som tydeleg viser ny eigedom. Utfylt skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning (PDF, 188 kB) Ved behov kan det vere naudsynt med:Søknad om dispensasjon (PDF, 67 kB)Erklæring eller avtaler om vegrettSamtykke etter jordlova §12 ved frådeling av landbrukseigedom. Dette handsamar kommunen ut frå delingssøknaden. Søknad om utsleppsløyve dersom det er bustad-/fritidsbustadtomt eller næringstomt som skal ha vassklosett og ikkje kan tilknytast offentleg avløpsanlegg). (PDF, 148 kB) Ta gjerne kontakt med rørleggjar for hjelp til å søkje om utsleppsløyve. Innsending av søknadSøknad med vedlegg sendast til kommunen på e-post eller via post. E-post: post@bremanger.kommune.no Postadresse: Bremanger kommune, Rådhuset, postboks 104, 6721 Svelgen Kva kostar det?Du får to fakturaer. • Søknadsbehandling• Oppmålingsgebyr - Tinglysingsgebyr på kr 500 vert fakturert saman med oppmålingsgebyret Dette får duSvar på søknad innan 12 veker.Tilbakemelding frå kommunen. Er det oppretta vedtak blir du kontakta for tidspunkt for oppmåling. Ny eigedom med eiget gards- og bruksnummer. Oppmålt og merka eigedom. Den nye eigeomen registrerast i matrikkelen og tinglysast. Tilsendt matrikkelbrev. LovverkMatrikkellova kapittel 7Matrikkelforskrifta kapittel 2 Publisert 22.05.2024 11.15 Sist endra 03.01.2025 14.18