Regelverk for sal, servering og skjenking av alkoholAlle som har fått ei bevilling er ansvarleg for å sette seg inn i og følgje regelverket. Her finn du oversikt over dei viktigaste regelverka. Alkoholpolitisk plan for Bremanger kommunePlanen omtalar Bremanger kommune sin alkoholpolitikk. Den skal gje trygge rammer for både innbyggjarar og næringslivet og avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk kan innebere.Alkoholpolitisk plan for Bremanger kommune (PDF, 860 kB)AlkohollovaLova skal avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk kan føre til. I tillegg skal lova til dømes hindre økonomisk kriminalitet, hindre omsetnad av narkotika og diskriminering.Alkohollova AlkoholforskriftaForskrifta inneheld reglarom korleis ein skal utøve si sals- eller skjenkebevillingfor tildeling av prikkarfor inndraging av bevilling ved brot på alkohollovaAlkoholforskrifta ServeringslovaLova skal sikre forsvarleg drift av serveringsstadar, både av hensyn til næringa, gjestane, tilsette og samfunnet elles. ServeringslovaInternkontroll etter alkohollova for sal- og skjenkestadarAlle sal- og skjenkestadar må ha eit system og rutinar for å sikre at alkoholregelverket vert overholdt. God internkontroll gjev enklare drift, tryggare tilsette og nøgde gjestar.Internkontroll etter alkohollova Publisert 08.03.2024 13.05 Sist endra 25.04.2025 11.14