Vassmålar

Alle abonnentar som ynskjer kan installere vassmålar, og betale vass- og avlaupsgebyr etter faktisk forbruk.

Dersom du ikkje har vassmålar vert vassforbruket rekna ut frå arealet på huset (stipulert vassforbruk).

Dersom du bur åleine i ein stor bustad eller har ei liten hushaldning som ikkje brukar mykje vatn, kan du redusere gebyret ved å få målt vassforbruket.

 

Korleis få installert vassmålar?

Bremanger kommune har ikkje iverksett ordning med kommunale vassmålarar. Det er såleis abonnenten som må ta kostnaden med vassmålaren og installasjon og drift (kalibrering/ettersyn) av målaren.

Ta kontakt med eit rørleggjarfirma og bestill vassmålar/be om installasjon av vassmålar. Rørleggjar fyller ut skjema for installasjon av vassmålar, og sender dette til kommunen for å få registrert målaren.

For bustader/bygningar med bruksareal større enn 350 m2, industri/næring og for jordbrukseigedomar er det krav om installasjon av vassmålar.

Kommunen kan krevje at forbruksgebyret vert fastsett ut frå målt forbruk for alle abonnentar.

I tillegg til forbruk av vatn/avlaup betaler alle abonnentar eit fastledd (abonnementsgebyr). Storleiken på dette fastleddet er bestemt av dimensjonen på inntaksleidning/avlaupsleidning.

 

Avlesing av vassmålar

Vassforbruket skal minimum avlesast ved kvart årsskifte. Målarstanden skal rapporterast til kommunen i løpet av januar månad, enten digitalt på heimesida til kommunen, ved å sende e-post til post@bremanger.kommune.no eller ved å sende inn skjema for vassmålaravlesing pr post.

Ta med alle siffer når du leser av telleverket på måleren og pass på at eventuelle desimalar vert riktig.

Dersom du ikkje les av vassmålaren din, vil det bli stipulert eit forbruk basert på tidlegare års forbruk. Kontroll kan bli gjennomført dersom målaren ikkje vert avlest i løpet av ein 2-års periode.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 16.11.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.

Kontaktpersonar

Leiar, plan og forvaltning
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering