Søkje om tilknytning

Ved tilkopling til kommunalt  vass- og avlaupsnett, for eksempel ved nybygg eller riving, må «Søknad om tilknyting» sendast til kommunen.

Plan- og bygningslova sine krav om søknadsplikt gjeld i tillegg til dette.

 

Skjemaet skal brukast for å godkjenne planane og plassering av leidningane før rammeløyve, igangsettingsløyve eller ferdigattest etter plan- og bygningslova kan gjevast.

 

Søknaden kan sendast inn separat i forkant, eller samtidig med byggesaka.

 

Søknadsskjemaet må fyllast ut og sendast til kommunen saman med VA-kart som viser planlagt privat vass- og avlaupsanlegg fram til offentlege leidningar. Ved ferdigmelding av tiltaket skal det leggjast ved kart som viser korleis leidningane faktisk er lagt (”som bygt”-dokumentasjon).

 

Søknad om tilknyting skal underskrivast av deg som abonnent og av godkjent føretak (rørleggjar). Godkjenninga vil gjelde for 3 år.
 

Reparasjon av leidning eller drenering rundt huset?

Dersom arbeidet medfører endringar i dei utvendige vass- og avlaupsleidningane/-kummane dine skal kommunen ha melding om arbeidet og få tilsendt oppdatert VA-kart når arbeidet er utført.

Ved reparasjonar eller utbedringar som gjev vesentlege endringar i vassforbruk eller utsleppsmengde, eller krev arbeid på kommunen sine leidningar/kummer,  må det sendast ny «søknad om tilknyting». Vesentleg endring vil for eksempel vere separering av spillvatn og overvatn, nye tilkoblingspunkt på kommunal leidning eller plugging av gamle påkoblingspunkt.

 

Bytte stoppekran?

Bytte av defekt stoppekran er ikkje ei vesentleg endring, men vil i nokre tilfelle krevje stenging av vatnet på hovudleidningen. Rørleggjaren din må då innhente løyve frå kommunen og varsle råka abonnentar.

 

Separatsystem?

Dersom du skal skifte ut stikkleidning for avlaup, er det krav om separate leidningar for overvatn og spillvatn. Dette gjeld sjølv om ikkje kommunen ennå har lagt separate spillvass- og overvassleidningar i området. Ved omlegging av kommunale hovudleidningar vil kommunen vil kreve separasjon av dei tilknytta stikkleidningane, og det er såleis ein fordel at dette vert gjort samtidig med utskiftinga av leidningen.

 

Pris

Handsaming av søknad om tilknyting er gebyrfritt, men abonnenten må betale eingangsgebyr for tilknyting (tilknytingsgebyr), jf. forskrift om vass- og avlaupsgebyr for Bremanger kommune.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 16.11.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.

Kontaktpersonar

Driftsingeniør anlegg
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering