Motorferdsel i utmark

I Noreg skal motorferdsel i utmark og vassdrag skje på ein slik måte at vi vernar om natur og fremjar trivsel.

Kommunen har ansvaret for at regelverket blir fylgt.

Motorferdsel i utmark og vassdrag er i utgangspunktet forbode, men motorferdsellova opnar for nokre unntak som er skildra i lova og som er akseptert som allmenne nytteformål. Kommunen skal handsame søknader om motorferdsel i saker med formål ut over det som er akseptert i lova.

 

Motorferdsellova §4 opnar for motorferdsel for fylgjande nytterføremål:

  • Politi-, ambulanse- og redningsteneste og oppsyns- og tilsynsteneste etablert med heimel  i lov.
  • Offentleg post- og teletenester.
  • Nødvendig person- og godstransport til og frå faste busetnader.
  • Jordbruks-, skogbruks- og reindriftsnæring. Jakt, fangst, fiske og bærsanking vert ikkje rekna som næring i denne samanhengen, og turisme/utleigehytter vert ikkje definert som jordbruksnæring.
  • Forsvaret sine øvingar, forflytningar og transportar
  • Anlegg og drift av offentlege vegar og anlegg (under offentlege anlegg inngår for eksempel elektrisitetsverk, kraftlinjer og trigonometriske punkt).
  • Rutetransport med løyve i etter yrkestransportlova

 

Etter aktsemdsregelen skal all motorferdsel i utmark og vassdrag foregå aktsamt og omsynsfullt for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske. Ferdselen skal ikkje valde unødig skade på grunn, vegetasjon og dyreliv, eller vere til ulempe for andre. Den skal heller ikkje forstyrre eller ureine naturmiljøet unødig.

Det kan også vere anna regelverk som forbyr eller legg restriksjonar på ferdselen, t.d eigne reglar for verneområde.

 

Kommunen kan etter §6 i motorferdsellova gje løyve til motorferdsel i utmark ut over det som er heimla i lova når det ligg føre «særlege grunnar».

I kommunen si vurdering vil det vere av vesentleg om motorferdselen er nødvendig, har eit nytteformål, eller ber preg av unødvendig køyring/fornøyelseskøyring.

Kommunen må gjere ei heilskapleg vurdering av saka, der behovet for transport vert vurdert opp mot mulige skadar og ulemper ferdselen kan medføre.

Kommunen kan setje vilkår for løyvet.

 

Søknad til kommunen må innehalde:

  • Føremål
  • Strekning
  • Omfang
  • Tidspunkt
  • Opplysningar om søkjar
     

Motorferdselloven innskrenkar ikkje tilgongen grunneigar har etter gjeldende rettsregler til å forby eller avgrense motorferdsel på eigen eiendom. Tilhøvet mellom grunneigar og den som køyrer i utmarka er eit privatrettsleg tilhøve som ikkje er regulert av motorferdsellova.

Det vil såleis vere nødvendig med samtykkje frå grunneigar, i tillegg til løyve etter motorferdsellova.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 08.12.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.

Kontaktpersonar

Fagkonsulent skog og utmark
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering