Regionalt miljøprogram

 

Kva er regionalt miljøprogram:
Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket.Tilskota i miljøprogrammet er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak i drift som oppfyller visse vilkår. Tilskota i miljøprogrammet skal fungere som betaling for miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet.

 

Kven kan søkje:
Alle føretak som kan søkje produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Sogn og Fjordane og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søkje. Føretak som er registrerte i anna fylke kan såleis søkje om tilskot, dersom dei driv areal eller
har dyr på beite i Sogn og Fjordane. Beitelag som er registrerte i einingsregisteret og som er godkjende av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kan søkje om tilskot til Organisert beitebruk.

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset