Vegetasjon langs vegen

Av omsyn til framkomet og trafikktryggleiken må busker og tre i private hagar ikkje vekse ut i veggrøft/sideterrenget til vegen.

Kommunen kan med heimel i grannelova §12 krevje at greiner og tre som veks inn over vegen sitt eigedomsområde må fjernast.

Eigar/brukar av avkøyrsle har plikt å halde avkøyrsla rydda for vegetasjon, jf. veglova §43 med forskrifter. Innanfor frisiktsoner må vegetasjonen ikkje vere høgare enn 0,5 m over vegplanet. Dersom ikkje dette vert overhalde, kan kommunen syte for at vegetasjonen vert fjerna for den ansvarlege sin kostnad.

 

Med heimel i veglova §31 kan kommunen påby eigaren å ta bort vegetasjon innanfor eit nærare gjeve område, også utover vegen sin eigedom og siktsonene. Der dette er tilfellet kan grunneigar krevje vederlag for skade og ulempe som følgjer av slikt påbod og for utgifter med rydding. 

Kontaktpersonar

Driftssjef
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset