Krav til adressenummerskilt

Huseigar har sjølv ansvar for riktig og godt synleg nummerering av eigen eining.

I Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning Bremanger kommune, fastsett av Bremanger kommunestyre 12.mars 2015 er følgjande gjeldande:

 

§7. Skilting
7.2       Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde ved like husnummerskilt i samsvar med §57(2) i matrikkelforskriften, og etter nærmare reglar angitt i §8.

7.3       For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 mnd. etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk. 

7.4       Adressemynda skal føre kontroll med at reglane over vert fylgt, og gi dei nødvendige pålegg.

 

§8. Plassering, materiale og utforming av skilta
8.1       Husnummerskilta skal plasserast slik at dei tydeleg viser kva bygning/eigedom dei er knytt til, og vere plassert slik at dei er lett synlege frå gate/veg. Der huset ikkje er synleg frå vegen kan ein også setja opp eit skilt ved innkøyringa, t.d. på søppelskur eller portstolpe.

 

Nummerskilt skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og så vidt mulig til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og eventuell bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngåing/innkøyrsla. Samtidig bør skilta plasserast slik at dei er lesbare i mørket.

 

8.2       Eigar/festar skal syte for at nummerskilt er godt synlige, og ikkje er skjult av tre busker, andre skilt mv.

 

8.3       Materiale og utforming for skilt skal vere slik:

a) Vegnamnskilt og tilvisingsskilt iht. Skiltforskrifta kap. II skilt 729.

b) Husnummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Dei skal festast solid og haldbart.

c) Skilta skal ha svarte tal og evt. bokstaver, samt svart kantbord på kvit eller lys reflekterande botn. 

d) Storleiken på skilta skal vere i samsvar med skiltrettleiaren gitt i adresserettleiaren utgitt av Statens kartverk. Skilthøgde 150mm og teksthøgde 105mm. Sjå figur 1.

 

Figur 1: Mål adressenummerskilt

Klikk for stort bilete
 

 

 

 

 

Bremanger kommune deler ikkje ut husnummerskilt. Det er den einskilde huseigar sjølv som er ansvarleg for å skaffe og sette opp skiltet.

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset