Eigenerklæring om konsesjonsfridom

Dersom ervervet av ein eigedom er konsesjonsfritt, er hovedregelen at ervervaren må sende inn eigenerklæring om konsesjonsfridom.

Ervervaren må sende erklæringa til kommunen for stadfesting/underskrift. Ervervaren må deretter sende den stadfeste eigenerklæringa til Kartverket for tinglysning av skøytet.

Eigenerklæring er ikkje nødvendig ved erverv av utbygd eigedom der arealet er mindre enn 2 dekar. Eigenerklæring er heller ikkje nødvendig ved erverv av dei fleste typar leiligheiter, og ved enkelte andre former for erverv.

 

Kva kan du erverve (kjøp, gåve, arv etc) konsesjonsfritt?

  • Utbygd eigedom som ikkje er større enn totalt 100 dekar og heller ikkje har meir enn 25 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord
  • Tomt som kommunen har lagt ut til bustad- eller fritidsformål, og erverv av ubebygd areal som i kommune- eller reguleringsplan er lagt ut til annet enn landbruksformål, er også som regel konsesjonsfritt. Det vil her vere vilkår om at tomten skal byggjast ut innan 5 år, og at
  • Erverv frå nær familie eller odel er som regel også konsesjonsfritt.

Når ervervet gjeld ein landbrukseigedom, kan konsesjonsfridomen på grunn av slektskap utløyse buplikt.

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset