Tiltak etter hamne og farvasslova

Bygging, graving, utfylling og andre tiltak i kommunen sine sjøområde krev løyve frå hamnekontoret i kommunen etter hamne- og farvasslova.

Slike tiltak er til dømes:

  • Fortøyingsinstallasjonar
  • Kaier, bryggjer og moloar
  • Bruer/luftspenn
  • Utdjuping og dumping
  • Akvakulturanlegg
  • Opplag av fartøy
  • Lyskjelder
  • Kablar og rør på sjøbotnen

Kommunen kan ikkje gje løyve til tiltak som strid mot reglane gjeve i eller i medhald av hamne- og farvasslova.

Tiltaka krev også løyve etter plan- og bygningslova, og løyve etter hamne- og farvasslova kan ikkje gjevast i strid med vedtekne arealplanar utan at dispensasjon er innvilga.

Kommunen har plikt til å samordne handsaminga av slike søknader.

 

Dersom tiltaket er i hovudlei eller bilei, eller utanfor kommunen sitt sjøområde, må Kystverket godkjenne tiltaket.

Ved handsaming av søknaden skal det leggjast vekt på omsynet til god framkome og trygg ferdsel i farvatnet, omsynet til andre næringar, og omsynet til liv og helse, miljø og materielle verdiar. Det kan setjast vilkår for tiltaket, både om forundersøkingar om verknaden av tiltaket, utføring (utstyr og dimensjonering), tidsavgrensing, bruk, vedlikehald, miljøovervaking og fjerning og opprydding.

 

Kva må søknaden innehalde?

  • Grundig skildring av tiltaket og korleis det er tenkt utført. Søknaden må vere datert og signert.
  • Kart i målestokk 1:1000 (evt. 1:5000) der tiltaket er teikna inn (målsett).

Når søknaden skal sendast til Kystverket må i tillegg eventuelle kommunale arealplanar som gjeld for området der tiltaket skal plasserast leggjast ved, i tillegg til eventuelle nødvendig dispensasjon frå planen.

 

Sakshandsamingsgebyr

Til dekning av kommunen sine naudsynte kostnader knytt til handsaming av søknad om løyve etter Lov om hamner og farvatn § 27 og føreskrifter gjeve i medhald av lova, skal tiltakshavar betale gebyr.

 

Saksbehandlingsgebyr, ‘’større’’ tiltak kr 4 000 pr. søknad.          

Saksbehandlingsgebyr, "enkle" tiltak kr 2 000 pr. søknad.          

Saksbehandlingsgebyr, ‘’større’’ tiltak m/synfaringkr 8 000 pr. søknad.          

Saksbehandlingsgebyr, ‘’enkle’’ tiltak m/synfaring kr 4 000 pr. søknad

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 14.01.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.

Kontaktpersonar

Fagleiar hamn
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering