Søknadspliktige tiltak

Tiltak der tiltakshavar sjølv kan stå for søknad, prosjektering og utføring.

Plan- og bygningslova §20-1 og byggjesaksforskrifta kapittel 3 regulerer kva tiltak som ikkje krev ansvarleg føretak for søknad, prosjektering og utføring. Tiltakshavar må søkje om løyve og sende inn den dokumentasjonen som er nødvendig for at kommunen kan ta standpunkt til tiltaket. Naboar og gjenbuarar skal varslast og kommunen skal handsame søknaden.

Kva tiltak kan tiltakshavar utføre sjølv:

  • Mindre tiltak på utbygd eigedom
  • Eitt enkelt tilbygg der verken samla bruksareal (BRA) eller utbygt areal (BYA) er over 50 m2. Tilbygget kan i tillegg vere underbygt med kjellar.
  • Ein enkelt, frittliggjande bygning som ikkje skal nyttast til bu-føremål, og der verken samla bruksareal (BRA) eller utbygt areal (BYA) er over 70 m2. Bygningen kan oppførast i inntil ei etasje, og kan i tillegg vere underbygt med kjellar.
  • Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ei brukseining.
  • Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 m2 montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 m og breidde inntil 1,5 m montert frittståande på terreng. Dette gjeld ikkje plassering av fleire slike skilt- og reklameinnretningar på same stad eller same fasade. Skilt- og reklameinnretningar som kan utgjere fare for persontryggleik kan ikkje tillatast.
  • Antennesystem med høgde inntil 5,0 m. Dette gjeld ikkje ved plassering av fleire antennesystem på same stad eller same fasade. Antennesystem som kan utgjere fare for persontryggleik kan ikkje tillatast.

Alminnelege driftsbygningar i landbruket

Bygningar som er eit nødvendig ledd i drifta eller som er eit driftsmiddel i samband med landbruksdrift vert sett på som driftsbygning.

  • Oppføring, plassering, vesentleg endring, vesentleg reparasjon, riving av, eller bruksendring til driftsbygning inntil 1000 m2 bruksareal (BRA).
  • Tilbygg til driftsbygning dersom bygningen sitt totale areal inkludert tilbygget ikkje overstig 1000 m2 bruksareal (BRA).
  • Mellombelse bygningar, konstruksjonar eller anlegg som ikkje skal plasserast for lengre tidsrom enn 2 år.
  • Andre mindre tiltak som tiltakshavar etter kommunen sitt skjønn kan stå føre.
  • Oppretting av ny grunneigedom, ny anleggseigedom eller nytt jordsameige, oppretting av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i meir enn 10 år eller arealoverføring. Løyve er ikkje nødvendig når tiltaket skjer som ledd i jordskifte i samsvar med rettsleg bindande plan.

Krav til søknad

Den enklaste måten å sende søknad på, er å bruke Byggsøk.

Her kan du få rettleiing i utfyllinga slik at søknaden vert komplett og dermed ei raskare handsaming. Du kan ta utskrift frå nettet og i staden for skjema kan du sende utskrifta til kommunen som ikkje kan ta imot e-søknad.

Sakshandsamingstid

Dersom ikkje tiltaket er i strid med arealplan, reguleringsplan eller krav i plan- og bygningslova med forskrifter (t.d formål, avstand, utnyttingsgrad) skal søknaden handsamast innan 3 veker. Dersom tiltaket er i samsvar med arealplan, reguleringsplan og krava i plan- og bygningslova, og det ikkje ligg føre merknader frå naboar kan ein rekne løyve som gjeve dersom ein ikkje har fått svar på søknaden innan 3 veker.


Tiltak med krav om ansvarlege føretak for søknad, prosjektering og utføring

  • Oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging eller plassering av bygning, konstruksjon eller anlegg
  • Vesentleg endring eller vesentleg reparasjon av slike tiltak
  • Fasadeendring
  • Bruksendring eller vesentleg utviding/vesentleg endring av tidlegare drift for bygning, konstruksjon eller anlegg
  • Riving av bygning, konstruksjon eller anlegg
  • Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar
  • Oppdeling eller samanføying av brukseiningar i bustader samt anna ombygging som medfører fråvik av bustad
  • Oppføring av innhegning mot veg
  • Plassering av skilt- og reklameinnretningar
  • Plassering av mellombelse bygningar, konstruksjonar eller anlegg for meir enn 2 år.
  • Vesentleg terrenginngrep
  • Anlegg av veg, parkeringsplass og landingsplass. 

Føretak med ansvarsrett må stå føre søknad, prosjektering, utføring og kontroll av desse tiltaka dersom ikkje tiltaket er omfatta av unntaka i pbl. §§20-2 eller 20-3.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 04.01.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering