Nabovarsel

Søknad om løyve til tiltak og søknad om dispensasjon frå arealplan/plan- og bygningslova med føresegner krev nabovarsling, jf. pbl §21-3.

 

Det er tre blankettar knytt til nabovarsling:

  • Opplysningar gjeve i nabovarsel
  • Kvittering for nabovarsel
  • Nabovarsel

Kven skal varslast:

  • Naboar (dei som har felles grense med den aktuelle eigedommen)
  • Tverrbuarar/gjenbuarar (dei som har eigedom rett overfor den aktuelle eigedommen, t.d på andre sida av veg/plass)

Nabovarsel skal sendast uavhengig av om naboeigedommen er utbygd eller ikkje. Der det er registrert to eigarar på ein eigedom skal begge varslast (sjølv om dei er gifte med kvarandre).

Dersom naboeigedomen er festetomt skal festast også varslast.

For sameige og burettslag er det tilstrekkeleg at styret vert varsla.

Kravet til varsling gjeld både private- og offentlege eigedommar, så kommunen, Statens vegvesen og liknande skal også varslast når desse er nabo.

 

Kva skal nabovarselet innehalde?

  1. I tillegg til utfylt skjema for nabovarsel, må varslet minst innehalde teikningar og situasjonskart.
  2. Andre opplysningar som vedkjem naboen/ tverrbuar sine interesser skal leggjast ved.
  3. Det skal gå fram at merknad frå naboar eller tverrbuarar må verte sendt til søkjar/tiltakshavar innan to veker etter at nabovarsel er sendt og grunnlaget for nabovarselet er gjort tilgjengeleg.

 

Korleis varsle naboane?

Det er to måtar å varsle naboar/tverrbuarar på, og ein kan også kombinere desse:

Ved personleg utlevering/underskrift:

- Blankett "nabovarsel" må fyllast ut, og leverast ut til kvar av naboane saman med kopi av teikning og situasjonsplan

- Fyll ut skjema for “opplysningar gjeve i nabovarsel" og “kvittering for nabovarsel”. Nabo/tverrbuar skriv så direkte under på “kvittering for nabovarsel” når denne mottek varselet, og kryssar av i rubrikk for mottatt og/eller samtykkje.


- Skjema for “opplysningar gjeve i nabovarsel” og “kvittering for nabovarsel” skal sendast kommunen saman med søknad om løyve eller søknad om dispensasjon. (Ta kopi til eige bruk).

Ved rekommandert sending:

- Blankett "nabovarsel" må fyllast ut til kvar av naboane, og leggjast i brev saman med
kopi av teikning og situasjonsplan.

- Fyll ut skjema for “opplysningar gjeve i nabovarsel" og “kvittering for nabovarsel”. Ta med breva til naboane og skjema “kvittering for nabovarsel” til posten. Send brevet med nabovarsel og vedlegg til kvar av naboane rekommandert. Postverket må kvittere på gjenpartblanketten.

- Utfylt skjema for “opplysningar gjeve i nabovarsel” og “kvittering for nabovarsel” skal sendast kommunen saman med søknad om løyve/dispensasjon. (Ta kopi til eige bruk).

NB! Pass på å krysse av i felt for dispensasjon når tiltaket krev dispensasjon, og husk å legge ved kopi av teikning og situasjonskart.

 

Merknader frå nabo.

Dersom nabo/tverrbuar ikkje samtykker ved å krysse for dette på “kvittering for nabovarsel”, har dei ein frist på 14 dagar etter at varselet er sendt til å sende inn eventuelle merknader. Merknadane må vere skriftlege, og skal sendast til tiltakshavar eller ansvarleg søkjar. I tillegg kan merknadene også sendast til kommunen.

Tiltakshavar/ansvarleg søkjar må vurdere om merknader frå nabo skal takast omsyn til, og kommentere merknadane i fylgjeskriv til søknad om løyve til tiltak/søknad om dispensasjon som skal sendast til kommunen.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 04.01.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering