Husbyggjartilskot

Formannskapet i Bremanger kommune vedtok 10.03.16 å oppheve ordninga med kommunalt husbyggjartilskot frå 31.12.2016.

Det vil såleis ikkje bli utbetalt husbyggjartilskot for bustader med bruksløyve/ferdigattest seinare enn 01.01.2017, eller bustadar der rehabilitering er fullført etter 01.01.2017.

Ordninga vil bli erstatta med andre tiltak for å stimulere til busetnad i kommunen.

 

10.03.2016 Formannskapet

FSK-025/16 Vedtak:

  1. Klage frå Arvid og Edel Karin Langeland m/fleire på delegert vedtak, sak DKST 149/5 av 04.11.2015, om avslag på søknad om kommunalt husbyggjartilskot vert imøtekomen.
     
  2. Retningsliner for kommunalt husbyggjartilskot vert avvikla frå 31.12.2016.
     
  3. Inntil ordninga vert avvikla, jf. pkt. 2, vert det gjeve tilskot til førstegongs kjøp av nøkkelferdige leilegheitar til personar som er busett i husværet på søknadstidspunktet.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset