Tiltak som ikkje krev søknad

Nokre tiltak (byggearbeid) er friteke frå søknadsplikta - under visse vilkår.

Føresetnaden er at dei er mindre, ikkje fører til fare eller er til urimeleg ulempe for omgjevnadene og allmenne interesser.

Oppføring, endring, fjerning, riving og opparbeiding av fylgjande mindre tiltak er unnateke kravet om byggesaksbehandling (jf. Byggjesaksforskrifta §4-1):

  • Mindre frittliggande bygning på utbygd eigedom som ikkje skal brukast til bu-føremål. Mønehøgde kan vere inntil 3,0 m og gesimshøgde inntil 2,5m. Verken samla bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) kan vere over 15m2.
    Avstand til annan bygning på eigedomen skal ikkje vere mindre enn 1,0 m.
     

Mindre tiltak i eksisterande byggverk:

  • Ikkje-bærande vegg innanfor ei branncelle eller eit lydområde
  • Installering, endring og reparasjon av våtrom og enkle installasjonar i eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle
  • Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle
  • Fasadeendring som ikkje medfører endring av bygningen sin karakter, eller tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring.

Mindre tiltak utandørs:

  • Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 10,0 m. Veggen kan vere frittståande eller henge saman med bygning
  • Innhegning mot veg med inntil 1,5 m høgde. Innhegninga må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg
  • Skilt- og reklameinnretning inntil 3,0 m2 som vert montert flatt på vegg. Unntaket omfattar ikkje montering av fleire skilt- og reklameinnretningar på same fasade
  • Mindre antennesystem. Antennemast kan ha høgde inntil 2,0 m. Parabolantenne kan ha diameter inntil 1,2 m. Rørantenne eller panelantenne til mobilkommunikasjonsnett kan ha høgde inntil 3,0
  • Andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita frå søknadsplikta.
  • Mellombelse bygningar, konstruksjonar eller anlegg når desse ikkje skal stå lenger enn 2 månader.
   

Ansvar

Tiltakshavar er ansvarleg for at tiltaket oppfyller krava for fritak, og for at tiltaket vert utført i samsvar med plan- og bygningslova med forskrifter, reguleringsplan eller kommunale vedtekter.

Plansituasjon

Tiltaket må ikkje vere i strid med lokale vedtekter/føresegner, kommuneplan,
reguleringsplan og bygningslova (forbodet mot tiltak i 100 m-beltet langs sjø m.v.).

Bygg/konstruksjon må plasserast minst 4 m frå grensa for at tiltaket skal vere friteke søknadsplikt, dersom ikkje andre avstandskrav er definert i byggjesaksforskrifta §4-1.

Tiltaket må ikkje medføre ulemper for allmenn ferdsel

Unntaket føresett at tiltaket ikkje vert plassert slik at det hindrar allmenn ferdsle, friluftsliv eller på annan måte fører til vesentleg ulempe for omgjevnadene.
 

Tiltaket må ikkje komme i flikt med kulturminne

Kulturminne må takast vare på som ein viktig del av omgjevnadene. Det vert til dømes vist til kulturminneloven §3 der det går fram at ingen må sette i gang tiltak som "utilbørlig skjemmer automatisk fredete kulturminner".


Ta kontakt med kommunen og naboane dine før du set i gang slike tiltak.

I tillegg er det gjeve unntak for plassering av særskilt bygning, konstruksjon eller anlegg. Dette gjeld bygningar, konstruksjonar eller anlegg på eller i direkte tilknyting til byggje- eller anleggstomt der det er arbeid.  Dette gjeld også campingvogn på campingplass og campingvogn og vinteropplag av fritidsbåt på utbygt bustad- og fritidseigedom. Desse tiltaka må ikkje plasserast slik at dei hindrar allmenn ferdsel eller friluftsliv, eller på annen måte fører til vesentleg ulempe for omgjevnadane.
 

Arbeid som vert handsama etter anna regelverk (offentlege veganlegg, vasskraftanlegg, anlegg for energiproduksjon, kraftlinjer/nettstasjonar, flytande akvakulturanlegg i sjø, landbruksvegar og steinbrot/massetak som har konsesjon) er unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova. Sjå elles byggjesaksforskrifta §4-3.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 06.11.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering