Bålbrenning

All bålbrenning skal varslast til vakthavande i Bremanger på tlf. 959 82 999.

All bålbrenning er forbode utan løyve  i perioden 15. april - 15 september.

Ved brenning av bål må ein vere klar over at all bålbrenning skjer på eige ansvar. Sjølv om brenninga skjer i perioden 16. september til 14. april må ein likevel vere merksam på at Brannsjefen kan leggje ned forbod mot brenning også i denne perioden, dersom det til dømes er tørke eller mykje vind. Er du i tvil, ta alltid kontakt på telefonnummeret som står lenger oppe i teksten.

  1. "Lov om Brannvern m.m." forbyr all bruk av bål og annen brenning i  skog og mark i perioden 15/4-15/9. Definisjonen  "skog og mark" reknast normalt som utanfor eigen hage eller innmark.

  2. Det kan gjevast dispensasjon til dette ved skriftleg søknad til Brannsjefen. Ved ønskje om brenning av jonsokbål skal det sendast e-post til brannsjefen i god tid i førevegen.
    E-post: brannogberedskap@flora.kommune.no

  3. Utanfor denne perioden vil det normalt bli gjeve løyve til å brenne hageavfall og avbrenne beiteområde. Slik brenning skal alltid meldast til Brannvesenet og 110-sentralen på tlf 57 75 14 00 eller http://www.alarmsentralen.com/meldingar/melding-om-brenning

  4. Ved brenning av hageavfall og beiteområde skal dette skje under kontinuerleg vakthald til alt er sløkt og det skal oppgjevast kontaktperson med telefonnummer. Det skal ikkje brennast etter mørkets frambrot og ved brenning av hageavfall skal det vere lagt frem eigna sløkkeutstyr.

  5. Brenning av avfall er etter ureiningslova forbode med mindre ureininga frå forbrenninga kan sjåast på som "vanleg" ureining frå bustad eller primærnæring. Med "vanlig" ureining meinast til dømes halmbrenning i jordbruket, flatebrenning i skogbruket, bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall.

  6. Ulovleg avfallsbrenning (jf pkt 5) kan medføre at kommunen reagerer med ein eller fleire av følgjande reaksjonsformer: 
  • Gir pålegg om sløkking eller at kommunen på ansvarleg si rekning sløkkjer og rydder opp.
  • Ilegging av ureiningsgebyr til staten.
  • Melder saka til politiet.
Publisert av Stine Senneset. Sist endra 08.06.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
Artikkel (1)
Eksterne lenker

Kontaktpersonar

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering