Planprosessen

Offentlege instansar, interesseorganisasjonar og grunneigarar som vert råka blir, litt avhengig av omfanget,  varsla med brev når kommunen eller private startar opp eit reguleringsarbeid.

Det blir og lyst ut i lokalavisa og på kommunen si heimeside. Ein får då høve til å komme med innspel til saka. For  reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn vil det vere krav om konsekvensutgreiing. Det må då utarbeidast eit eige planprogram som skal sendast til høyring og vedtakast av kommunestyret før planforslaget vert utarbeidd.

 


Når fristen for innspel er utgått, blir plankart, føresegner og planomtale utarbeidd av fagkunnige, og lagt fram til politisk handsaming. Ved utarbeiding av planar for utbygging skal kommunen som planmynde sjå til at risiko- og sårbarheitsanalyse er gjennomført for planområdet.

 

Formannskapet vedtek om planen skal sendast ut til høyring/offentleg ettersyn. Grunneigarar og høyringsinstansane får brev om at planen er utlagt til høyring, og får høve til å komme med merknader.


Når kommunen legg planar ut til høyring, kan du finne dei lengre ned på denne sida. Høyringsfristen er minimum 6 veker.

 

Etter at planen har vore ute til offentleg ettersyn, går sakshandsamar gjennom saka med omsyn til innkomne merknader, og legg saka fram for ny handsaming i formannskapet. Kommunestyret fattar endeleg vedtak. Melding om vedtak vert sendt grunneigarar og høyringsinstansane, og vedtaket kan påklagast.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 06.11.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering