Endring av reguleringsplan

For utfylling, endring og oppheving av reguleringsplan gjeld same regelverk som for utarbeiding av ny plan. 

Formannskapet kan gjere vedtak om mindre endringar i reguleringsplan, eller vedta utfyllingar innanfor hovedtrekka i reguleringsplanen.

 

Med mindre endringar er det meint endringar som ikkje har nemneverdig verknad for nokon råka partar eller interesser. Dette gjeld justeringar i det som allereie ligg inne i planen, t.d arrondering av formålsgrenser, justering av linjeføringar for infrastrukturanlegg, justering av byggegrenser, frisiktsoner og liknande, men ikkje innføring av nye element.

 

Før vedtak om mindre endring i reguleringsplan, skal saka leggast fram for aktuelle styresmakter, og grunneigarar som direkte vert råka av vedtaket, skal få høve til å uttale seg.

 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset