Om PP-tenesta

Pedagogisk-psykologisk teneste for Bremanger er ei kommunal teneste, heimla i opplæringslova.

 

PPT er ei teneste for barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov. I tillegg til individretta arbeid, har PPT og ansvar for å følgje opp det systemretta arbeidet som blir drive i barnehage og skule.

PPT skal gje sakkunnig vurdering der det etter opplæringslova, er krav om det.

 

Kven kan få råd og hjelp hjå PPT

• Barn under skulepliktig alder med behov for særleg oppfølging

• Barn og ungdom med særlege behov

• Vaksne med spesialpedagogiske behov

• Føresette, skule og barnehage som treng rettleiing i høve barn og unge

• Skular og barnehagar innan området kompetanse- og organisasjonsutvikling

 

PPT får dei fleste førespurnadene frå helsestasjonen, barnehage og skule, men føresette og eleven sjølv kan og, i visse høve, søkje om råd og hjelp. Tilvising til PPT som gjeld einskildpersonar skal alltid skje etter samtykke frå føresette.

Det er laga eigne skjema for tilvising til PPT.

Om ein ønskjer hjelp frå PPT, fyller tilvisande teneste (t.d.skule, barnehage) ut aktuelt skjema og sender dette til PPT.

Foreldre og elevar over 15 år kan også ta direkte kontakt med PPT.

Elevar som går i vidaregåande skule, tar kontakt med PP-tenesta i kommunen der dei går på skule.

 

Handsamingstid.

Vi har ingen søknadsfrist. Innmelde saker blir handsama på første inntaksmøte, og innan tre veker vil det føreligge ei tilbakemelding med informasjon om vidare sakshandsaming.

 

Postadresse:

Bremanger kommune
PPT for Bremanger
Postboks 104
6721 Svelgen

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 03.02.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
Persongalleri (1)

Kontaktpersonar

Leiar PPT
PP-rådgjevar/logoped
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering