Søkje om reduksjon i betalinga

Informasjon om moderasjonsordningar i foreldrebetalinga i barnehagane.

I statsråd 17.4.2015 vart det vedtatt ny forskrift om foreldrebetaling for barnehageplass. Dette er heimla i Forskrift om foreldrebetaling i barnehager, under § 3. Moderasjonsordninger.

 

Den nye nasjonale ordninga seier at ingen hushald skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. I 2018 betyr dette at føresette som har samla inntekt på under kr. 533 500,- kan søkje kommunen om reduksjon i foreldrebetalinga.

 

Frå 1. august 2016 gjaldt også ordninga med gratis kjernetid for 3-,4- og 5-åringar, samt barn med utsett skulestart. Dersom desse bur i hushald med lav inntekt, under kr 533 500,-  (frå 01. august 2018) har dei rett til 20 timar gratis opphaldstid i barnehagen pr. veke i barnehageret 2018-2019.

 

Ved søknad for begge ordningane må det sendast dokumentasjon av samla inntekt, dvs. den samla skattepliktige kapital- og personinntekta til hushaldet. Som eit hushald gjeld ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. (Som sambuarar vert rekna to ugifte personar som er over 18 år og bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn).

 

Søkjar kan legge fram anna dokumentasjon for inntekt, eller søkje undervegs i året dersom det er vesentleg eller varig endring i inntekta til hushaldet.

 

Som hovudregel gjeld søknaden for eitt år av gangen for begge ordningane. Dersom inntekta likevel endrar seg vesentleg i perioden, og de ikkje lenger har rett på reduksjon i foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid, må de straks og utan opphald gje melding til kommunen om dette.

 

Føresette kan søkje til kommunen. Sjølvmeldinga må leggast ved som dokumentasjon.
Søknadsskjema finn de her. (PDF, 107 kB)

 

Søknaden vert å sende til:
Bremanger kommune
Kommunalsjef for oppvekst
Postboks 104
6721 Svelgen

 

Søknadsfrist for nytt barnehageår er 30.06.
Søknadar som kjem inn etter søknadsfrist vert innvilga f.o.m neste heile månad. T.d. søkjer ein 5. sept. blir reduksjon gjeve frå 01. oktober, om den vert innvilga.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 26.04.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering