Søk om reduksjon i betalinga

Informasjon om moderasjonsordningar i foreldrebetalinga i barnehagane.

I statsråd 17.4.2015 vart det vedtatt ny forskrift om foreldrebetaling for barnehageplass. Dette er heimla i Forskrift om foreldrebetaling i barnehager, under § 3. Moderasjonsordninger.

 

Reduksjon i foreldrebetalinga

I følgje «Forskrift om foreldrebetaling i barnehager» av 17.04.2015 skal ingen hushald skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Fom 01.01.2023 betyr dette at føresette som har samla inntekt på under kr. 550 000,- kan søkje kommunen om reduksjon i foreldrebetalinga.

 

Gratis kjernetid

2-, 3-, 4- og 5-åringar, samt barn med utsett skulestart, kan få gratis kjernetid (20 timar gratis opphaldstid i barnehagen pr. veke) dersom desse bur i hushald med lav inntekt, frå 01.08.23 under 615 590 kroner. Inntektsgrensa blir fastsett i tråd med forskrift om foreldrebetaling i barnehagar.

 

Korleis søkje?

Som hovudregel gjeld søknaden for eitt år av gangen for begge ordningane. Dersom inntekta likevel endrar seg vesentleg i perioden, og de ikkje lenger har rett på reduksjon i foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid, må de straks og utan opphald gje melding til kommunen om dette.

For å søkje må du logge inn på www.vigilo.no. Gå til «Logg inn OAS». Vel Bremanger kommune. Innlogging skjer ved bruk av ID-porten. Inne i løysinga vil du få ei oversikt over alle dine barn som er knytt til skule og/eller barnehage i Bremanger kommune. Klikk på ditt namn (oppe til høgre) for å kome til profilkort for føresette. Klikk på «Søknad om redusert betaling» i menyen. Klikk «Søk om redusert foreldrebetaling» for å starte søknadsprosessen. Etter at søknaden er sendt inn så vil du finne oversikt og status på søknaden din inne på profilkortet ditt (same plass som du søkte).

 

Søk om reduksjon

 

Søknadsfrist

Søknadsfrist for nytt barnehageår er 30. juni.
Søknadar som kjem inn etter søknadsfrist vert innvilga f.o.m neste heile månad. T.d. søkjer ein 5. sept. blir reduksjon gjeve frå 01. oktober, om den vert innvilga.

 

Rutine for redusert foreldrebetaling i barnehage (PDF, 256 kB)

Kontaktpersonar

Utviklingskoordinator oppvekst
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset