Prisar og betalingsreglement
Foreldrebetaling i dei kommunale barnehagane følgjer bestemmingane i forskrift om foreldrebetaling. Den kan du sjå nedst på sida.
Det er nye prisar for barnehage frå 01.01.23.
Tal dagar pr. veke/plasstorleik og betaling per månad:
- 5 dagar (100% plass) kostar 3000 kr per månad
- 4 dagar (80% plass) kostar 2606 kr per månad
- 3 dagar (60% plass) kostar 2074 kr per månad.
Søskenmoderasjon i barnehagen
- For barn nr. 2 vert det gjeve 30 % søskenmoderasjon av betalingssatsen
- For barn nr. 3 vert det gjeve 50 % søskenmoderasjon av betalingssatsen
Reduksjon i foreldrebetaling
I følgje «Forskrift om foreldrebetaling i barnehager» av 17.04.2015 skal ingen hushald skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Fom 01.01.2023 betyr dette at føresette som har samla inntekt på under kr. 550 000,- kan søkje kommunen om reduksjon i foreldrebetalinga.
Gratis kjernetid
2-, 3-, 4- og 5-åringar, samt barn med utsett skulestart, kan få gratis kjernetid (20 timar gratis opphaldstid i barnehagen pr. veke) dersom desse bur i hushald med lav inntekt, under 598 825,-.
Meir informasjon og mogelegheit for å søkje finn du her.
Spørsmål i høve rekning
Kontakt Geir Holthe på e-post : geir.holthe@bremanger.kommune.no eller telefon 91914034.
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 02.12.2022 13.00