Skatteoppgjer

Første pulje av skatteoppgjeret for 2013 er klart 25. juni.

Dei som får skatteoppgjeret i første omgang,  er dei fleste lønstakarar og pensjonistar som anten har levert sjølvmeldinga på nett eller som har nytta leveringsfritak.

Deretter blir det løpande skatteoppgjer mellom 6. august og 15. oktober.

 

Feil på godskriven skatt

Dersom godskrive forskotstrekk på skatteoppgjeret ikkje stemmer med mottekne løns- og trekkoppgåver, eller løns- og trekkoppgåver ikkje er mottekne, må ein ta kontakt med skatteoppkrevjarkontoret


Slik klagar du:

  1. Klagen må sendast skriftleg til Bremanger skatteoppkrevjarkontor
  2. Kopi av lønsslippar og eventuelt motteken løns- og trekkoppgåve må leggjast ved. Dersom dette ikkje er motteke,  må annan dokumentasjon som viser at du har utført arbeid hos arbeidsgjevar leggjast ved. Dette kan til dømes vere timelister, kontrakt, bankutskrifter som viser motteken løn eller liknande.
  3. Inntekta må gjevast opp på sjølvmeldinga sjølv om  løns- og trekkoppgåve ikkje er motteken.


Feil på likning

Dersom det er feil på inntekt eller formue, fradrag ikkje har komme med på sjølvmeldinga, må du kontakte Skatt Vest.

Klagefristen er 6 veker etter at du har motteke skatteoppgjeret. Klagen kan sendast elektronisk på Altinn.


Skatt til gode

Utbetaling av skatt til gode vil du normalt få innan 2 veker etter at skatteoppgjeret er sendt ut. Dersom du ikkje har motteke pengane,  ta kontakt med Bremanger skatteoppkrevjarkontor.

Telefonnr. til Bremanger kommune:  57796300 (sentralbordet)
 

E-postadressen til skatteoppkrevjarkontoret er:
skatt@bremanger.kommune.no

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 06.11.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.

Kontaktpersonar

Skatteoppkrevjar
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering