Kunnskapsprøve i alkohollova

For at næringsdrivande skal kunne skjenke/selje alkohol i ei bedrift må styrar og avløysar ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova. 

 Styrar og avløysar må vere over 20 år.   

Kommunen skal halde  prøva innan to månader etter at han  har motteke melding om at du ønskjer  å avleggje prøva.

Kunnskapsprøva om alkohollova er ei  fleirvalsprøve. Du vil få 60 minutt  til å svare på prøva. For å bestå prøva må minst 24 av 30 svar vere rette. Om du ikkje består prøva, har du høve til å ta den på nytt. Prøva er nettbasert og skal besvarast elektronisk.

Ta med gyldig legitimasjon.

For å ta kunnskapsprøva, kontakt Servicekontoret på tlf  57 79 63 00
 

Gebyr for å ta kunnskapsprøva i alkohollova er kr. 400.-                                                            

Kommunen sender faktura frå økonomiavdelinga.

                                                                                            

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset