Etablerarprøva i serveringslova

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha klart etablerarprøva. (dette er ikkje det same som kunnskapsprøven etter alkohollova.)

Etablerarprøva skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta.

Kommunen skal halde prøva  innan to månader etter at han har mottatt melding om at du ønskjer å avleggje prøva.

Etablerarprøva er ei fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøva. For å klare prøva må 40 av 50 svar vere rette. Om du ikkje består prøva, har du høve til å ta den på nytt.                                              

Prøva er nettbasert og kan bevarast elektronisk, eller ein kan ta den ut som papirutgåve.                                                                               

Du kan ha med lovsamling som hjelpemiddel.

Ta med gyldig legitimasjon.

For å ta etablerarprøva, kontakt Servicekontoret på tlf. 57 79 30 00

Gebyr for å ta etablerarprøva er kr. 400,-.                                                                                        

Kommunen sender  faktura frå økonomiavdelinga.

 

 

Læremateriell til etablererprøven for kan tingast i nettbutikken hjå VINN:

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 11.08.2014
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering