Unntak frå arbeidsgjevaravgift

Nokre private arbeidsgjevarar er unnatekne plikta til å betale arbeidsgjevaravgift:

  • Private arbeidsgjevarar  med lønnsutbetalingar for arbeid i heimen sin eller på fritidseigedomen sin når utbetalingane ikkje overstig 60 000 kroner per år. Meir informasjon om dette finn du i brosjyra "Lønnsarbeid i hjemmet" og baksida på papirskjemaet RF-1049 "Oppgjørsblankett for private arbeidsgivere" som du kan få hos skatteoppkrevjaren.

  • Foreldre med lønnsutbetalingar til dagmamma eller praktikant for pass av barn under 12 år eller eldre barn med særlege behov for omsorg og pleie. Meir om dette finner du i brosjyren "Skatteregler ved barnepass for foreldre, dagmammaer og praktikanter".

Dersom samla lønnsutbetalingar for arbeid i heimen eller på fritidseigedomen går over grensa  på 60 000 kroner i løpet av året, skal det reknast og betalast arbeidsgjevaravgift av heile beløpet.

 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset