Vallister

Alle politiske parti som er registret i Partiregisteret per 2. januar i valåret kan stille liste til Kommunestyrevalet.

Dette gjeld dei partia som fekk minst 500 røyster i eitt fylke eller minst 5000 røyster i heile landet ved sist kommunestyreval (2015).

 

To eller fleire parti kan dessutan gå saman om å danne ei felles valliste. Desse partia kan då ikkje stille med eiga liste for det same valet,

 

Andre enn politiske parti kan òg stille liste. Lista må då gjevast namn som ikkje kan forvekslast med eit partinamn som er registrert i Partiregisteret eller namn på ei fellesliste for politiske parti. Vilkåra for at uregistrerte grupper kan stille liste er at lista med kandidatnamn er underskrive av minst 2 prosent av dei som har røysterett i kommunen.

Minst 300 personar er likevel tilstrekkeleg.

 

Kandidatar på listeforslaget.

Alle som har røysterett i kommunen kan stille som kandidatar på listeforslag. Ved val til kommunetyret gjeld dette alle som har fylt 18 år innan utgongen av valåret, og som er folkeregisterregistrert med bustadadresse i kommunen.

 

Du treng ikkje vere norsk statsborgar for å ha røysterett og stille til val ved kommunestyrevalet. Statsborgarar utanfor Norden må ha vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. For nordiske statsborgarar er det tilstrekkeleg at dei er registrert som busett i Noreg før 30. juli i valåret.

 

 Fritak for å stå på liste.

Alle med røysterett i kommunen har plikt til å ta imot val til kommunestyre.

 

Det er likevel unntak frå denne plikta, du kan dei nei til å stå på liste i desse høva:

  • Har du vore medlem i kommunestyret dei siste fire åra.
  • du er medlem av eit registrert politisk parti og blir ført opp på lista for eit anna parti
  • du er i ein situasjon i livet som gjer det veldig vanskeleg å utøve vervet som folkevald

 

Ynskjer du å bli friteken for å stå på liste, må du søkje Valstyret i kommunen om dette.

 

Personar som er tilsett i, eller oppnemnd til nokre få bestemte offentlege stillingar kan ikkje førast opp på nokon valliste.

 

Godkjenning av vallistene.

Forslag til vallister med oversikt over kandidatar må leverast til den kommunen eller det fylket valet gjeld for.

Kommunen eller fylkeskommunen må fysisk ha motteke forslaget innan 31. mars i valåret. Valstyra i kommunen og fylkeskommunen tek stilling til om vallistene oppfyller krava i vallova og valforskrifta. Med dette som utgangspunkt, må valstyret før 1. juni i valåret avgjere om forslaget blir godkjent eller forkasta.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 04.08.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.

Kontaktpersonar

Leiar for Servicekontoret
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering