Står du i manntalet?

Manntalslistene for Bremanger kommune vert lagde ut frå den 12. juli  t.o.m. den 11. september 2023.

Korleis sjekke?

For å undersøkje om du står i manntalet, kan du ta kontakt med Servicekontoret på tlf. 57 79 63 00, eller du kan sjå i manntalet som er lagt ut på Rådhuset i Svelgen. 

Har du flytta?

Har du flytta, og melding om flytting ikkje er motteken i folkeregisteret innan 30. juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller du kan førehandsrøyste i kva som helst kommune i Noreg. 

 

Krav om retting

Dersom du meiner at du sjølv, eller andre, urett er innført eller utelaten frå manntalet, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Krav om retting gjeld i høve til feil, ikkje flyttingar etter 30. juni 2023. 


Krav om retting skal vere grunngjeven skriftleg som e-post eller brev. Du kan sende kravet hit:
hj@bremanger.kommune.no eller:
Valstyret i Bremanger v/Hilde J. Midtbø
Postboks 104
6721 Svelgen

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset