Røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval har du dersom du:
- Er norsk statsborgar som
- har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
- ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova §53 og som er, eller nokon gong har vore, folkeregistrert som busett i Noreg
- Statsborgarar i andre nordiske land (Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.
- Utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.
Dersom du meiner å ha rett til å stå i manntalet, men ikkje er innførd der, kan du søkje om å bli innførd. Søknaden skal sendast til den kommunen du vil ha røysterett i. Kommunen kan oppdatere manntalet heilt fram til valdagen.
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 06.02.2023 14.54