Bremanger formannskap har jfr plan- og bygningslova § 12-9, sak FSK-022/17 den 17.02.17 vedteke planprogram for detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing for steinbrot på Aksla, Hennøya, planid 1438.2016.03.
I konsekvensutgreiinga skal tema som landskapsbilete, nærmiljø og friluftsliv, natur- og kulturmiljø og naturressursar ha fokus, og det skal utarbeidast ROS-analyse (risiko- og sårbaranalyse), der m.a. ureining og skredfare inngår.
Vedtak av planprogrammet, ilagmed vedlegg oppsummering og vurdering av merknader, viser korleis innkomne merknader er handsama, og blir sendt til dei som har hatt innspel. Vedtaket kan ikkje påklagast.
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 31.10.2018 10.02