Kulturmiljøplan

Kulturmiljøplan for Bremanger kommune 2021-2030, med handlingsdel for 2021-2024, vart vedteke av kommunestyret i Bremanger 25.03.2021.

Planen er ein tematisk kommunedelplan, med ein handlingsdel som skal rullerast årleg. Dette er den første kulturmiljøplanen for Bremanger kommune. 
Målet med planen er å formidle kunnskap om kulturmiljø og kulturminne og verdien av desse til kommunen sine innbyggjarar. Planen vil gje føringar for eigarar av kulturminne, og nyttast av forvaltninga i areal-, plan- og byggjesaker.

 

Kulturmiljøplanen skal medverke til: 

  • Auka kunnskap og medvit om kulturmiljøverdiane i kommunen, samt styrke innbyggarane si stoltheit og identitet knytt til eigen kulturarv.
  • Oversyn og verdsetting av viktige kulturminne, kulturmiljø og -landskap. 
  • Betre forvaltning av kulturmiljø blant anna gjennom bruk av plan- og bygningslova 
  • Utvikling av eit godt samarbeid mellom ulike kulturmiljøaktørar 
  • Nytte dei lokale kulturmiljøa aktivt i kommunen sitt utviklings- og verdiskapingsarbeid. 

 

Kulturmiljøplan Bremanger kommune 2021-2030 vedteken (PDF, 6 MB)

Handlingsdel til kulturmiljøplan med tiltaksplan 2021-2024 vedteken (PDF, 220 kB)

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset