Eldsjelprisen for Bremanger kommune- retningsliner
Eldsjelprisen for Bremanger kommune er oppretta og blir delt ut av Bremanger kommune. Formålet med prisen er å hjelpe fram og stimulere det frivillige arbeidet i kommunen samstundes som den og skal vere ein heider og takk til personar og organisasjonar som gjennom lengre tid har gjort eit verdigfullt arbeid innafor det frivillige.
Prisen kan og tildelast for spesielt stor innsats kring frivillig arbeid i året som gjekk.
Framlegg til eldsjelprisen skal vere skriftelig og innehalde grunngjeving for pristildelinga. Tidlegare kandidatar som ikkje har fått prisen kan vurderast saman med framlegg til nye kandidatar. Ein kan ikkje søke om eldsjelprisen.
Kultursjefen førebur saka for formannskapet som avgjer kven som får prisen.
Det skal ikkje offentleggjerast kven som er kandidatar eller utfall av avrøystinga mellom kandidatane.
Eldsjelprisen vert utdelt oddetalsår og frist for innsending er 1 oktober.
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 31.10.2022 13.40