Ungdomsklubbane

Ungdomsklubben skal være ein attraktiv og trygg møteplass for alle, samt dei skal markere seg positivt i nærmiljøet.

 

Vi arbeidar aktivt for at ungdomsklubbane skal være ein god sosialiseringsarena. Det handlar om å lukkast i å omgåast kvarandre, få tilfredsstilt eigne behov utan at det går utover andre sine mogelegheiter til å tilfredstille sine, løyse problem til fellesskapets beste, lære å leve saman.

 

I kvar ungdomsklubb skal det veljast ei arbeidsgruppe, dei har ansvar for å ta opp saker i klasseråd,  saker som vedkjem ungdom si fritid og ungdomsklubbane.
Dei skal ta saker med seg frå ungdomsklubben, drøfte dei i klassen og gje tilbakemelding til rette organ.
Saker kan være: Ønskjer om aktivitet i regi av ungdomsklubben, miljøet i ungdomsklubben, økonomi, aktivt involvert i prosjekter, andre saker som gjeld ungdom i lokalsamfunnet.

 

Arbeidsgruppa er klubbleiar/ungdomsleiars informasjonskjelde og ein viktig samarbeidspartnar i høve ungdomsarbeidet i Bremanger kommune. Gruppa møtast  etter behov.

 

Klubbåret følgjer skuleåret.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset