Idrett og friluftsliv

Bremanger kommune skal vere ein aktiv samarbeidspartnar til beste for både den organiserte og den uorganiserte idretts- og friluftsaktiviteten, mellom anna gjennom tiltak sett i verk i samarbeid med turlag og idrettsråd.

 

Turløyper og merking

I Bremanger har vi eit stort mangfald av turløyper, frå løyper langs asfalterte bilvegar til bratte, utfordrande stigar. Kommunen og Keipen turlag har samarbeid om utforming av merkeprogrammet til turløypane. Merkeprogrammet følgjer dei sentralt oppsette standardane, som fleire og fleire kommunar har byrja å nytte seg av.

 

Bremangerhallen

Bremangerhallen er mykje i bruk, med trening og aktivitet omtrent alle ettermiddagar og kveldar. Bruk av hallen vert teke hand om av eit hallstyre, mens kommunen har ansvar for rekneskapsføring, inn- og utbetalingar, samt ein del av vedlikehaldet.

Bygget er utstyrt med eigen scene.

 

Svelgen Idrettshus

Svelgen idrettshus er og mykje i bruk, med trening og aktivitet omlag alle dagar. Bruk av hallen blir ivaretatt av eit hallstyre, mens kommunen har ansvar for regnskapsføring, inn- og utbetalingar, samt ein del av vedlikehaldet.

 

Ballbingane       

Bremanger har ballbingar i dei fleste bygder, totalt seks stykk. Ballbingane i Svelgen, Ålfoten og Kalvåg eigast av idrettslaga i bygda, dei andre er i kommunal eige.

 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset