Ved vasslekkasje eller anna planlagt arbeid på leidningsnettet hender det at vatnet på kommunen si hovudleidning må stengjast.
Det vil då bli informert om dette på kommunen si heimeside og med eventuelle oppslag/varsel, avhengig av kor lenge vatnet vil vere vekke.
Dersom du skal utføre arbeid på eiga stikkleidning som medfører behov for å stengje av vatnet må du kontakte rørleggjar. Stenging av vatnet på kommunal leidning kan berre gjerast av kommunen sjølv eller av rørleggjar etter løyve frå kommunen.
Rørleggjaren din har ansvar for å varsle dei abonnentane som vert råka når vatnet er borte.
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 31.10.2018 09.59