Private slamavskiljarar

Kommunen pliktar å sørgje for tøming av private slamavskiljarar, jf. ureiningslova §26.

Kommunen har avtale med Nordfjord Miljøverk IKS (Nomil) om administrasjon av tømeordninga for private slamavskiljarar, og dei krev også inn gebyretet for tenesta. Gebyret er rekna ut etter sjølvkostprinsippet, og vert kravd inn årleg. Det blir såleis kravd gebyr også dei åra det ikkje er utført slamtøming. Miljøservice/Norva24 utfører tøminga av slamavskiljarane, og abonnentane vert varsla i god tid før tøming.

 

 
For ordinære bustader er det krav om slamtøming kvart 2. år. For fritidsbustader er det krav om tøming av slamavskiljar kvart 4. år. Dette er minimumskravet etter forureiningsforskrifta §12-13, 2.ledd. Der fleire husstandar delar tank, andre tankstorleikar, tett tank etc. kan tømefrekvensen avvike frå dette.

 


Dersom Miljøservice møter opp på eigedomen, men av ulike grunnar ikkje får gjennomført slamtøming (tank ikkje påvist/avdekka, abonnent nektar tøming etc.), må det betalast gebyr sjølv om tanken ikkje vert tømd. Dersom Miljøservice må møte opp fleire gongar for å få tømt tanken blir det tillegg i gebyret.

 


Dersom eit bustadhus vert ståande tomt for ein lenger periode (2 år eller meir) kan det gjevast fritak frå slamtøming. Det må då sendast skriftleg søknad til kommunen/Nomil på førehand.


 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset