Spreiing av husdyrgjødsel

Spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding er kun tillate i perioden 15. februar til 1. september. 

Det er ikkje tillate å spre husdyrgjødsel på snødekt eller frosen mark.

Kommunen kan gjennom lokal forskrift opne for spreiing av husdyrgjødsel fram til 30.september dersom det er forsvarleg ut frå klimatiske tilhøve og vasskvaliteten i vassdraga.

 

Det er viktig at gardbrukarane disponere bruk og lagring av husdyrgjødsel ut fra spreietidene.

 

Kommunen kan etter søknad gje dispensasjon til spreiing utan nedmolding i særlige tilfelle. Søknad må grunngjevast og skildre kvifor spreiiinga er nødvendig, kva mengder/omfang det vert søkt om og dokumentere kva ureining spreiinga kan medføre.

 

Dispensasjonshøvet til kommunen skal praktiserast svært restriktivt, og alle andre alternativ skal vere vurdert før dispensasjon kan gjevast (m.a høvet til å leige lagerplass hos naboar etc.).
Dersom kommunen etter ei heilskapleg vurdering finn at det kan gjevast dispensasjon frå spreiefristen utan nedmolding, vert det sett vilkår som til dømes tidsfrist, spreiemengde og spreieavstand frå vassdrag.

Kontaktpersonar

Rådgjevar jordbruk
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset