Produksjonstilskot

Produksjonstilskot omfattar ei rekkje tilskotsordninger som føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søkje på. 

Førmålet med produksjonstilskotet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk innanfor målsettingane til Stortinget. Tilskotet vert utrekna etter ein sats pr. dyr eller dekar areal.

Produksjonstilskotet omfattar tilskotsordningane:

  • Arealtilskot
  • Kulturlandskapstilskot
  • Tilskot til husdyr
  • Tilskot til dyr på beite
  • Tilskot til dyr på utmarksbeite
  • Driftstilskot til melkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert kjøttfeproduksjon
  • Tilskot til bevaringsverdige storferaser
  • Arealtilskot til økologisk landbruk
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønnsaker

Søknadsprosessen

Søknad om produksjonstilskot bør sendast elektronisk. Sjå meir informasjon nedst på sida.  

Det er to søknadsomgangar for produksjonstilskot i året. Søknadsfristane er 15. mars og 15. oktober.

Søkjar sitt ansvar å søkje rett

Som søkjar er du ansvarleg for at opplysningane på søknadsskjema er rette. Om du har ført feil i søknaden som gjer at du kunne ha fått for mykje utbetalt tilskot, skal kommunen rette søknaden og vurdere avkorting i resten av tilskotet. Avkorting skal vere hovudregelen ved feil i søknaden, størrelsen på avkortinga er avhengig av skuldgrad, men også «simpel aktløyse», der søkjaren burde vite at opplysningane er feil, gjev grunnlag for avkorting.

 

Dersom du oppdagar feilen sjølv og melder frå om dette til kommunen, skal dette komme deg til gode i vurdering om avkorting. Det er difor viktig å melde frå så snart som mogleg om du oppdagar feil i søknaden.

Sett deg inn i regelverket

Det er søkjar sitt ansvar å sette seg inn i regelverket. Rettleiingshefte vert ikkje lenger sendt ut, men du finn det og annan nyttig informasjon på nettsidene til Landbruksdirektoratet https://www.slf.dep.no/no/ . Om du har du spørsmål til regelverket eller er usikker på korleis søknaden skal fyllast ut så ta kontakt med landbruskforvaltninga i kommunen i god tid før søknadsfristen.

 

Oppdagar du at det manglar eller er feilført noko i søknaden først etter at tilskotet er utbetalt kan du klage. Klagen må då vere skriftleg og med ei grunngjeving, men det er berre i spesielle tilfelle det kan etterbetalast og det skal leggast streng praksis til grunn.

Kontaktpersonar

Rådgjevar jordbruk
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset