Dette gjeld også viss du skal plassere lift eller container på fortau. Det vil vere graveforbod i tre år etter at ny asfalt er lagt, og medføre krav om utvida asfaltering og gebyr for forringing dersom kommunen likevel skal gje løyve til graving.
Søknad skal nyttast når du skal:
- grave i kommunal i veg
- grave nær eller inntil kommunal veg
- utføre arbeid som medfører bruk av utstyr og innretningar på veggrunn
- plassere container, utstyr, stillas etc. på offentleg veggrunn
- grave i grøntareal i og langs kommunal vei (innanfor veggrunn)
Skjema for “Gravemelding” skal nyttast, enten via digitalt søknadssenter eller manuelt. Situasjonsplan (i målestokk) som viser kvar gravinga skal skje, og eventuell varslingsplan som viser skilting og trafikkavvikling skal leggjast ved. Entreprenør må sjølv varsle politi, ambulanse, brannvesen, busselskap og renovatør dersom framkomet for desse vert påverka av gravinga.
Krav til utføring:
På asfalterte areal (mindre enn 3 år gammalt asfaltdekke) skal grøftebreidda sagast ut på førehand. Etter igjenfylling skal det på nytt sagast ut 0,5 m av dekket på begge sider av grøfta, slik at komprimering av grøfta blir utført på «gammal» masse. Massane skal takast ut lagvis, og ved tilbakefylling skal massane plasserast tilbake i grøfta i same nivå som dei låg før. Kvart lag skal komprimerast, maks tjukkleik 0,3 m. Der nye massar må tilførast, skal desse godkjennast på førehand. Det skal leggast dekke på grøfta av same type og tjukkleik som på tilstøytande areal. Asfalteringsarbeid skal utførast av asfaltfirma. Dekke skal leggast så snart arbeidet er ferdig, etter utsaging og komprimering av grøft.
Ved graving i vegar med asfaltdekke eldre enn 3 år skal kantane sagast og det skal leggast asfaltdekke tilpassa tilstøytande areal.
Ansvar:
Entreprenør som har fått graveløyve er ansvarleg for all skade, på vegområdet,
kommunen sine leidningar/installasjonar eller tredjemann, som fylgjer av gravearbeidet. Entreprenøren er ansvarleg for grøfta/gravinga heilt til arbeidet er godkjent. Entreprenør er ansvarleg for nødvendig reparasjon av setningar og andre skader, inntil 1 år etter gravinga.
Bremanger kommune er ikkje ansvarleg for skadar som måtte bli påført leidningsanlegget ved grøftereinsk, vedlikehalds- og utbedringsarbeid på kommunen sin grunn. Dersom leidningsanlegg plassert på kommunen sin grunn og/eller nærare vegkant enn 3 m må endrast pga vegutbetring, vegen sin drift eller funksjon, vil eigar måtte ta kostnaden med dette.