Seksjonering av eigedom

Dersom ein eigedom skal eigast av fleire personar saman, og eigarane skal ha einerett til kvar si brukseining i bygningsmassen, må eigedomen seksjonerast.

Dette er vanlig når store bygningar har fleire husvære, også kalt sjølveigarleiligheiter, eller kontor og butikklokale. Eit rekkjehus eller ein eigedom med fleire frittliggjande hus, for eksempel i eit hyttefelt, kan også organiserast som eit eigarseksjonssameige.

Søknad om å seksjonere, reseksjonere, slå saman eller dele opp eigarseksjonar må godkjennast av kommunen.

 

Kva må søknaden innehalde:

 

Skjema for søknad om seksjonering ( 2 eksemplar)

  • Skjemaet må ha originale underskrifter for å kunne tinglysast.
  • Alle medeigarar til eigedommen skal skrive under på seksjoneringssøknaden.
  • For festa eigedom må både eigar og festar skrive under.
  • Firmaeigedom: Original firmaattest, ikkje eldre enn 1 år, må leggjast ved.

 

Planteikningar (2 eksemplar)

  • Teikningane bør vere i målestokk  1:100 eller 1:200.
  • På kvar enkelt teikning skal det stå gards- og bruksnummer, adresse og etasjenummer.
  • Teikningane må vere av god kvalitet/godt leselege.
  • Det skal gå tydeleg fram kva dei ulike romma skal brukast til.
  • Alle bustadseksjonar skal ha stove, kjøkken, bad og wc. Desse romma skal ligge innanfor hovuddelen. Dersom hovuddelen går over to eller fleire etasjar må det vere intern trapp mellom etasjane.
  • Grense mellom brukseiningane (leiligheit/hus), seksjon (fleire leiligheiter/hus) og fellesareal skal vere tydeleg markerte.
  • Forslag til seksjonsnummer skal skrivast på kvar seksjonsdel (både hovuddel og tilleggsdel).
  • Planteikningane for alle etasjane i bygningen skal leverast inn, inkludert kjellar og loft.

 

Situasjonskart (2 eksemplar)

 

Vedtekter (2 eksemplar)                                          

Alle seksjonssameige skal ha vedtekter. Minstekravet er at eigedommen si adresse, gnr./bnr. og tal styremedlemmer klart skal gå fram. Innhaldet av vedtektenes skal ikkje godkjennast/kontrollerast av kommunen, og sameige kan seinare endre eller supplere desse.

 

Namneliste over bebuarar/leigetakarar (1 eksemplar)

Dette gjeld kun for seksjonering av eksisterande bygningar (ikkje nybygg).

Ein leigebuar kan ha kjøpsrett til husværet han leiger på seksjoneringstidspunktet. Kommunen skal i samband med seksjoneringsløyvet kontrollere om vedkommande er orientert om dette, og må difor ha ei oppdatert liste med namn og adresse til eventuelle leigebuarar.

 

Samtykkje frå panthavarar (1 eksemplar)

Gjeld kun ved reseksjonering, samanslåing og deling av eigarseksjonar.

Reseksjonering kan bare skje med samtykke fra alle som har tinglyst pant i de seksjonene endringen gjelder.

 

Oppmåling av uteareal (1 eksemplar)

Dersom utearalet skal seksjonerast, må eigedommen målast opp på nytt. Det må sendast inn skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning saman med seksjoneringssøknaden.

Kontaktpersonar

Leiar, plan og forvaltning
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset